mandag 4. januar 2021

Om å krevje sin mann

Soloppgang ved Grønene ovanfor Vikastølen i dag .
Vi ser mot Dalsfjorden og Flekkefjorden.

Eg må vedgå at det kravde sin mann å trakke spor opp dei bratte Grønene frå Vikastølen i dag tidleg. Minst to pust i bakken måtte til. Men då sola kom fram aust for Dokka, gløymde eg i grunn slitet... Det er noko med morgonsola. Den psykologiske boosten dette gir sinnet. Evna til å kunne yte det vesle ekstra som det heiter på fint.... Og når det i tillegg var trakka spor frå Nyksvatn-ruta i går, der rutene møtest oppe på fjellet, var resten piano. Det meste var no gjort opp hit likevel. Skjønt eg var glad eg slapp å trakke nye spor siste biten - for her oppe låg snøen ganske djup mange plassar. Så slik er det - no er det iallefall trakka spor begge rutene. Grønene ruta er som kanskje enkelte veit litt raskare enn å gå om Nyksvatnet/Nykshytta. Men dessto brattare og tyngre opp, må vite...

Det var trakka spor i går der rutene frå Nyksvatnet og Grønene møtest

Det er trakka bra spor til Kalderasnipa

Elles var det som nemnt fantastisk då sola stod opp. Kaldt var det! Minus 7 heime i Stongfjorden. Og sikkert endå kaldare i Holmedal. Slikt er ikkje kvardagskost. Men med vindstille oppe på fjellet og nokre minusgrader i lufta og litt snø, er det jo perfekte vinterforhold for tur. Fantastisk egentleg! Det er i grunn berre å kle seg....

Det vart ingen Dokka-tur i dag i "same slengen". Heile ruta bort dit frå Kalderasnipa ligg i skuggen tidleg på dag. I tillegg kjendest turen opp godt i kroppen... Så då vart det til at eg tok same vegen ned igjen. (Og nådde heim før omnen slokna ut)...😄

Foto Kalderasnipa 040121


Ingen kommentarer: