mandag 25. januar 2021

I djupsnøen

Med sikt til januar-sola i dag

ds
Den klassiske utsikta frå Markahengenipa mot aust.
F.v. Høgefjellet, Kringlefjellet, Rørvikenipa/Blegja, Eitrenipa, Storehesten,
N&S Kringla og Fossedalshengenipa

I dag stod Markahengenipa for tur. Så eg køyrde opp i Skorvemarka i 09-tida. Der oppe låg det sjølvsagt meir snø enn her nede. Og opp bakkane og i ura ganske så mykje. No hadde Anita R og Anita N gått opp med trugar i går, så det partiet var ganske fast. Så opp her gjekk eg berre på skoa. No hadde dei teke opp på framsida såg eg, men eg valde heller å gå om Krokavatnet og nord om Fossedalshengenipa. Eg synest det er ei flottare rute. Om enn noko lenger. Det er også her det er merka. Noko som ikkje viser så godt no. 

Mykje snø på ruta til Nipebu no.
Her ovanfor Krokavatnet i dag tidleg. 
Ruta kjem opp i sola midt i bildet (spora).

ds

No viste det seg at allereie nedom Krokavatnet, i bakken der, låg snøen ekstra djup. I store fonner. Så her var det berre å hive på seg trugane. Og opp forbi vatnet, og til nord om Fossedalshengenipa, vart det ein skikkeleg prøvelse i djupsnøen. Trugane sakk godt gjennom og fotløftinga tok godt på kreftene. Du verda for ei trening! Men etter nokre magadrag, og enkelte pust  i bakken (eller snøen), kom eg meg til slutt opp. Elles var det sjølvsagt veldig kjekt å bli møtt av morgonsola oppe ved Krokavatnet. Som før sagt - ein boost for kropp og sjel - er det visst det heiter...😄

Morgonsol ved Krokavatnet.
Klokka er 09.59...

Ut ryggen til toppen gjekk det heilt fint. Mindre snø her. Avblese og fastare. Og så dukka sola opp igjen på nytt - no rett vest av Fossedalshengenipa. På same tid som heile fjellheimen vestover opna seg av høgda eg var komen opp på. Fantastisk. Ikkje nok med det - eg har sjeldan vore her oppe utan eit einaste vindpust. Iallefall i januar! Så i dag spelte eg inn ein liten videosnutt òg.... utan skraping av fjellvinden....

Sola dukka opp igjen vest av Fossedalshengenipa

Turen ned att gjekk eg i dag på framsida. Og eg valde å gå utan trugane, men med broddar. Det låg nemleg litt is under nysnøen. Her er jo bratt og nokre hamrar og sva ein må over og rundt. (Eg vil nødig ligge igjen her oppe)! Det gjekk heilt greitt. Spora frå Anita & Anita viste delvis frå i går, og var greie å trakke i. Takk for det jenter! Imponerande god form på dykk! For berre berre er det ikkje å gå opp her på trugar no. 

Det er både hamrar, sva og skavlar ned igjen på framsida/nordaust-sida av Markahengenipa. Den merka ruta går ikkje her, men føl Nipebu-ruta.

Anita R. og Anita O. N. hadde trakka spor med trugar på framsida/nordaust-sida av Markahengenipa i går.
Foto ved Blåfjellet 3.januar

Kjempetur. Men det her kravde sin mann. For du verda kor snø det ligg i fjellet no. 

 Foto Markahengenipa 250121


Ingen kommentarer: