søndag 3. januar 2021

Reine påskestemninga

Traff desse "turtelduene" på Blåfjellet i dag...

...og så dukka det opp to til...😃

Eg gjekk opp igjen same turen i dag som nyttårsaftan. 3 toppar og 3 fjelltrimbøker. Heime i frå til Toreheia og vestover til Skylefjellet og Blåfjellet. Retur ned att til Rinda og Yndestad. 

Toreheia i midten bakerst.
Ruta kjem opp midt i høgre bildekant og føl omlag skuggepartiet opp dalen til sola på toppen. Returen ned mot Skylefjellet i venstre kant, ned ranen ved skuggepartiet.

Det låg ein del snø i høgda i dag. Og turen til Toreheia tok vel omlag 2 timar. Resten cirka det same. Inklusiv hyggeleg fjellmøte. Sjølv om snøen var heilt tørr merkar ein jo at det går litt lenger tid når forholda er slik. I dag hadde eg også funne fram stilongsen for første gong i vinter. I tillegg til dei fora og høge fjellskoa. All ekstra tyngde krev jo sjølvsagt meir energi å få opp og fram... 

Morgonsola fekk eg i dag i bakkane ovanfor Krikavatna. Fjella spegla seg i raudlèt i dei første strålane for dagen. Fantastisk! Og på toppen var det blikkstille. Nesten ikkje til å tru. Nydeleg panorama og horisonten i lys rosa. 

Første sola for dagen halvveges mellom Krikavatna og Toreheia.
Sola står vest om Skålefjellet og over Svarthamrane.

Kunstverk i snø på toppen

Toppen på Toreheia i dag

Deretter gjekk turen som vanleg vestover. Ned fjellet på nordsida til enden av Krikavatna og til Skylefjellet. Her var det forsyne meg nye spor ved varden då eg kom fram. Namna i boka var avslørande nok. Og Anita O.N. og Anita R. traff eg ei stund etterpå på Blåfjellet der dei sat i januarsola og kosa seg med mat og drikke. Reine påskestemninga. Så vi vart no pratande der. Vi avtalte å gå i lag deler av turen ned att. Men rett før vi skulle gå dukka så Dag Tore og Anita M. opp òg. Frå Grimelia. Endå meir sosialisering sjølvsagt. Eg slo så følgje med dei to første Anita austover på sørsida av Mangevatna og mot Skylefjellsruta. Ovanfor Svartevatnet ville jentene så ta turen vest til Fjellagarden. Eg sjølv gjekk ned att ruta til Yndestad. 

Adjø til jentene...

Nydeleg 3.januar tur. Måtte det berre halde fram med det suverene vintervèret. Og ja, med endå fleire blide fjellmøte....😄

Foto Toreheia Skylefjellet Blåfjellet 030121


1 kommentar:

lymacsau sa...

Thanks for sharing, nice post! Post really provice useful information!

Hương Lâm chuyên dịch vụ cho thuê máy photocopy màu hoặc bán máy photocopy màu uy tín, giá rẻ tại TP.HCM và giải đáp máy photocopy nào tốt nhất cũng như link download driver toshiba 456 chính xác.