lørdag 4. juli 2020

Nydeleg heime

Dagens selfie

Flokeneset og Indrevågefjell nærast

Toreheia t.v.

Ser ein nøye etter ser ein vindturbinane på Guleslettene

Klassisk motiv
Krikavatna, Mangevatna, Stavenesodden og Skylefjellet

Ved Mangevatna

Stongfjorden

I dag tidleg gjekk eg den klassisk, enkle og flotte ruta over Ytrevågefjell, Toreheia og Skylefjellet med retur heime på Yndestad. Start ved dei gamle kopargruvene i Vågane. 3-3,5 timars tur. I lett, ope og oversiktleg terreng. Ei rute eg likar godt og nyttar no og då. I dag i flott og klårt nordavèr. Om enn ikkje så mange varmegradene. Men sola varma og vinden var ganske spak. 

Her går ein del sauer i området. Dei beita roleg i dei grøne bakkane mellom Ytrevågefjell og Toreheia. Nokre ned på nordsida. Andre ved Hjartebuvatnet. Alt vèl der i gården. Elles gjekk eg på 3-4 par heilo i området. Det er ein stabil bestand av denne fuglen her oppe. Traff også på eit par turgåarar som eg kjende. På veg til TiTurposten på Skylefjellet. 

Flott morgontur på heimebane.



Fotoserie Ytrevågefjell Toreheia Skylefjellet 040720

Ingen kommentarer: