onsdag 1. juli 2020

Suveren 3 fjells i Fossedalen

Ved Leknesvatna - Eitrenipa og Sigvard 

Eitrenipa

Panorama Nordre Kringla
  
Øvre Fossedal
Nedre Fossedal


I dag tidleg kom Sigvard, bror min, på besøk frå Dale. Saman køyrde vi til Skorvemarka. Gjekk opp kraftvegen mot Leknesvatna, og deretter austover den flotte nordsida av vatna. Vèret var delvis skya. Relativt kald nordatrekk tidleg som det var på morgonen. Eg valde difor å gå i bukse, men broderen shorts. På tørre stiar og i  joggesko bar det inn til brua over vatna. Og starta deretter klatringa opp bakkane og skårane til Eitrenipa. Eitt av dei absolutte favorittfjella mine på nordsida av Dalsfjorden. 

Saman nådde vi greitt toppen med den strålande utsikta. Egentleg er her to toppar. Ein med best utsikt til Dalesida i sør, og ein med best utsikt til Førdefjorsida i nord. Begge med panorama utsikt mot vest. Mot Nipebu, og til eit uttal av fjell og vatn (sjå fotoserie). 

Etter nokre bilder og ein video (sjå under), gjekk vi så ned austsida av fjellet og sørover mot skaret til Nordre Kringla. Så opp berga på sistnemnde til toppen her òg. Her oppe åt vi oss eit par skiver. Og kunne nyte den formidable utsikta. 

Så ned i eit nytt skar mot sør og deretter ned eit bratt skar til ein liten dal som skil Nordre og Søndre Kringla. Reine berg og dalbana.... Så opp bakkane til Søndre. Frå denne toppen får vi jo den klassiske utsikta til Dale og inn Dalsfjorden. Også utsikt ned på Brendeheiknappen. Og frå alle vinklar på denne ruta med utsyn rett aust til Blegja, Storehesten, Laukelandshesten og Massbu-traktene. Reint nydeleg! 

Det går ein del sauer på Kringla. Fleire på ruta ned mot nordvest. Vi gjekk litt om dei ned mot skåra i vest. Så ned i Øvre Fossedalen. Og vidare transport-etappen på austsida av Fossedalsvatnet til Nedre Fossedalen. Vi stoppa sjølvsagt opp litt i Øvre og på vassenden for å ta nokre bilder. Sola skein. Blå himmel. Og det var folk på brua som går over elva i Nedre. Sikkert for eit bad. Elva har eg forresten knapt sett så lita før. Det var minimal vassføring ned til fjorden. 

Ja, så var det resten. Forbi Elraki og ned i Fossevikja. Deretter stien til Otterstein. Og som avtalt kom Peter å henta oss og køyrde til Stongfjorden igjen. Fantastisk dag. Som planlagt ein nydeleg 6-timarstur. I det flottaste av landskap frå Førdefjordsida til Dalsfjorden. Vel blåst Sillan...😎

Fotoserie Eitrenipa Nordre & Søndre Kringla Fossedalen 010720






2 kommentarer:

Sillan sa...

Som du skriv: suveren tur. Vêret klaffa 100% - og det gjorde alt anna, òg:).

Det vert ikkje gjort meir i dag.
Takk for turen, broder.

Gustav Skaar sa...

He he, nei no er bloggen i boks òg, så då kan det vere med resten... 😊