Mykje og høgt gras var søkkande vått på ruta opp Gjerdedalen og Brekka til Skålefjellet i dag. Mildt sagt. Terrenget var som ein dampande, våt jungel! I tillegg låg det tjukk skodde på toppen. Det var såleis null sikt på ruta sørover til Svarthamrane og Siklebergvatna. For eg var i utgangspunktet tenkt meg dit etter toppen på Skålefjellet. Men dette var det liten vits i slik forholda vart. Det var i grunn berre å kome seg ned att. Litt kjedeleg då å registrere at skodda forsvann då eg kom til bygds igjen.... Som så mange gonger før måtte eg seie til meg sjølv - "some you win and some you lose"... For neste tur er det sikkert omvendt 🙏 Trimmen var i allefall i boks (og vèl så det)... 😁
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar