onsdag 15. juli 2020

Spesialoppdrag

Spesialoppdrag til Nipebu i dag

Eit motiv eg likar godt - ved oppstigninga til skaret på Nipeholten -
vi ser mot vest

Nipebu  ved Langevatnet -
Eit velkjend motiv når du kjem ruta frå Markavatnet eller Massbu

- her med naust og utedo -
vi ser Heileberget i bakgrunnen
Endå eit tungt oppdrag i dag då eg bar opp nytt brannsløkkeapparat til Nipebu. Det gamle viste for dårleg trykk. "Once in a lifetime" heiter det visst. Trur neppe eg kjem til å utføre eit slik ærend seinare. Iallefall er det første gongen eg har dragsa noko slikt til fjells....😃 Tungt som bly var det òg 😫

Turen gjekk opp frå Markavatnet i Skorva. Den vanlege DNT-ruta der du går opp til nordenden av Krokavatnet, vidare opp til nordsida av Fossedalshengenipa og så opp skaret ved Nipeholten. Deretter vestover på sørsida av Langevatnet og ut til hytta. Her er godt merka og med god synleg sti (du finn all info på ut.no). Etter at kraftvegen vart bygd, og ein kan køyre inn til austenden av Markavatnet, er dette kortaste vegen opp til Nipebu. Som dei andre dagane denne veka var det veldig vått i terrenget. Men i dag heldt det seg for det meste opplett. Eg fekk berre på meg ei regnbyge på veg heim igjen. Den gjekk fort over.  




Ruta til Nipebu går forbi nordenden av Krokavatnet 
og opp på nord og vestsida av Fossedalshengenipa

Då eg først var her oppe i dag, rodde eg meg ei dorgerunde med båten. På det aldeles blikk stille vatnet var det null napp å få. Ein times tid fekk vere nok. Eg brukar som regel det som ein mal - utan napp på ein time, er det like godt å finne på noko anna å gjere. 

På veg ned igjen slo eg forresten av ein prat med eit par på veg opp som aldri hadde vore her før. I fjellet treff ein alltid kjekke menneske! Elles har det vore ein god del folk på Nipebu i det siste. Og no når alle skal ha kortreist Norgesferie, er jo hytta eit godt alternativ for nokre fine dagar i ro og fred.


Ingen kommentarer: