søndag 13. desember 2009
Kvardagstur
Motiv på toppen av Mannsskaret. Foto i går.
Olaug reiste ned til Askvoll og gjekk på Siktanuten med Anne S. Eg vart heime med Peter, fyrde i ovnen og las gjennom Magasinet frå BT i går. Men i 11-tida, då det var bra lyst ute, var det ok for Peter at eg fekk stikke opp på Toreheia her heime. Han fekk sjokolade og eg fekk gå... (Er det ein slik vinn-vinn situasjon...:-)..?)
Eg kom meg fort opp bakkane. Forbi Rinda, Krikavatnet og rett opp, og var på toppen (717 moh) på omlag timen. Etter den fantastiskee turen i går, var det tilbake til kvardagen i dag. Grått og tungt og mildare. Fjellet sov... Og eg tok faktisk ikkje med meg kameraet heller i det dårlege lyset (men nokre MMS for dokumentasjonen sin del må jo til...:-)) Det låg eit tynt lag med nysnø på toppen. Elles var det blygrått i alle himmelretningar...(MMS)
Grått og tungt i vèret på Toreheia i dag...
Eg gjekk fort ned igjen kanten ovanfor Stongfjorden. Noko isete var det, så eg sprang berre siste stykket heim. Grei trimtur... Men det vart jo eit antiklimaks i forhold til dagen i går...
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar