Fra Toreheia 271209 |
søndag 27. desember 2009
Tredje dagen
Rimeleg tøffe forhold på Toreheia 3.juledag
Synd med turen eg hadde planlagt med Agnar i dag tidleg. Vi var tenkt oppom Nipebu ein tur. Og Fossedalshengenipa.Men med all nysnøen og mildvèr med regn i dag tidleg, valde vi å utsette det.
Vèret vart litt betre ut på føremiddagen, så eg gjekk opp på Toreheia "her heime". Med all nysnøen som var komen, var det ikkje berre, berre det heller. Fonnene låg djupe. Og mange plassar rakk dei både opp til knærna og låra. Eg prøvde sjølvsagt så godt det lot seg gjere å gå der det var mest avblens. Som på fjellranar og knausar, og der det stakk opp gras og lyng. Men mange gonger måtte eg berre bite det i meg å hoppe ut i fonnene. Det er ganske slitsomt når det i tillegg er bratt oppover...
Frå vatnet og opp låg det skodde. I tillegg begynte det å snøe... og blåse. Det vart i det heile teke ganske ufyseleg. Men eg vurderte aldri å snu. Eg var godt utstyrt. På toppen måtte likevel alt fram. Full pakke. Balaclava, briller og finlandshette, og full skift av alt under jakka... Det er jo alltid ei lita utfordring å ta av seg alle klede ovantil når det er kaldt og bles, men det er berre heilt naudsynt. Kroppsvarmen forsvinn fort i sveittevåte klede. Helst burde ein ikkje utskilje sveitte i det heile, men så kaldt er det då ikkje at ein må ta det SÅ med ro heller. Iallefall når ein har med byteklede.
Eg valde å gå ned igjen same vegen eg kom opp i dag. Det låg tjukk skodde utover Yndestadfjellet. I tillegg tek vinden endå meir ut att denne vegen. Så eg kom meg fortast mogeleg ned igjen mot Krikavatnet, der det er meir livd.
Turen heim igjen her i frå var tung nok den. Om ikkje eg direkte var sliten eg kom ned igjen, så hadde eg iallefall vore på 3.dags tur...:-)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar