Fra Fossedalshengenipa_Toreheia 041209 |
fredag 4. desember 2009
Ein dobbel ein...
Om det er dama nedunder denne karen ser etter eller drøymer om skal vere usagt... men han har iallefall eit steinblikk...:-)
Eg hadde nest siste feriedagen min for året i dag. No gjenstår berre mandagen... At eg skulle på fjellet var eg bestemt på. Ikkje akkurat noko bombe. Men kor mykje eg skulle gjere ut av det, var meir uklart. Eg hadde iallefall pakka sekken og smurt meg 6 skiver, så fekk eg sjå.
At eg skulle på Fossedalshengenipa var òg greitt. Men derifrå visste eg ikkje. Kanskje ta heile fjellet vestover via Nipebu til Stongfjorden? Det andre alternativet var å gå ned igjen, ta opp igjen frå Oslandsbotnen og ta med Smørskornova og Fanafjellet med retur tilStafsnes. Det tredje alternativet etter Fossedalshengenipa, var å køyre heim igjen, lese Firda på sofaen og gå på Toreheia etterpå.
Det ende opp med siste alternativet... Det var fleire grunnar til det. Viktigaste var at det var veldig isete på hamrar og sva. Å gå ein heil dag og vere redd for å tryne, er ikkje det heilt store. Dessutan er det ikkje heilt risikofritt med omsyn til å skade seg. Skli nedetter islagde sva kan jo ende med forferdelse. Åleine er det endå verre. Ein annan grunn til vegvalet var sjølvsagt at det bles. Kaldt. Det meste av snøen var vekke pga vinden som hadde røska godt i fjellsidene. Tredje grunnen var at eg fekk meg eit slag i det dårlege kneet, så det ila som knivar gjennom heile foten. Eg tok rett og slett ikkje sjansen på å gå i 7 timar med det på knallhardt underlag...
Vel, vel, det er forskjellige val ein må føreta når ein går mykje i fjellet. Har jo ikkje så mange å diskutere med heller når ein går åleine. Ein må i grunn lære seg til å stole på seg sjølv og eigne val. Greitt soleis - når ein blir van med det!
Det gjekk veldig greitt opp til Krokavatnet. Då klokka berre var vel halv 8 gjekk eg med hovudlykt. Nysnø på frose terreng er oftast skummelt. Men sidan det var begynt å mildne, virka det som om snøen på ein måte var begynt "å lime seg fast" i underlaget. Så eg sat faktisk godt på oppover. Men i skråberga rett nedanfor og ovanfor Krokavatnet var det verre. Har var snøen blesen vekk og blottla mykje isete sva. For dei som er litt kjende, veit at berga hallar ganske mykje. Is og hallande svaberg er ikkje heilt greitt, iallefall utan broddar... Så det tok litt tid å komme seg opp.
Når det var slik opp her, var eg spent på korleis det var opp dei bratte berga på Fossedalshengenipa. Eg rekna med dei var tørka opp. Det stemte heilt (nesten). Så eg kom meg heilt greitt opp på tørre berga. Sjølvsagt ved å gå utanom der det var frose på.
Det bles på toppen. Som vanleg kaldt på denne tid. Eg tok nokre bilder og ein videosnutt før eg gav meg i veg ned igjen same vegen eg kom opp. Absolutt på allerten i forhold til isen. Men det gjekk heilt greitt, utanom episoden då eg strekte i det dårlege leddbandet (trur eg). Som sagt, det gjekk som ein kniv oppetter foten...
Så eg køyrde heim igjen. Laga meg kaffi og åt opp turmaten. Fyrte i ovnen og fann dagens Firda og teppet mitt.... Og sovna.
Lett forfjamsa vakna eg og fekk i meg ein mandarin og eit glas pepsi. Kneet var bedre, så eg kledde meg igjen og gjekk opp på Toreheia. Heilt pigg og fin.
Isen på Krikavatnet var skrudd i hop borte i eine enden av vatnet. Søraust vinden hadde røska det skikkeleg til. Det var minimalt med snø igjen. Berre nokre flekker. Og vinden var ikkje så sterk. Til og med på toppen. I ly av varden tykte eg brått at eg høyre ein lyd. Så ein til. Og der dukka Leif og Torunn F. opp. Vi kvapp vel litt alle tre. Dei kom nemleg opp frå hi sida, frå Osland. Vi vart pratande litt der i vinden. Før det vart for kaldt.
Eg valde å gå ned igjen kanten over Stongfjorden. Kjekt å gå i vestleg retning der ein har havutsikt heile vegen. Eg tok det med ro. Fotograferte litt. Men jammen begynte det å mørkne fort. Siste delen sprang eg difor heim igjen. Dvs. nede i granfeltet i Selda såg eg nesten ingen ting. Utruleg kor mørkt det er inne i granskog. Ikkje rart at det ikkje veks noko i den sure jorda....
To fine turar dette. No var det tid for å hente Peter. Turdagen var unnagjort...
Ho låg så behageleg og utfordrande til denne dama...
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar