tirsdag 15. desember 2009
Full vinter
Kveldsbilde frå Toreheia 12/10
Det var skikkeleg vinterstemning på Toreheia i kveld. Midt oppe i bakkane ovanfor Krikavatnet starta snøen å pakke seg rundt beina på meg. Og oppe mot toppen låg det ca 15 cm. Vilt og forblåst med fokksnø over berg og hamrar. Som på Nordpolen. Og austavinden reiv godt i kjakane og i føter utan stillongs. Jepp, då var vinteren her. Iallefall oppe i fjellet.
Lenger nedover i lendet var det glatt. Mykje is i stien gjorde at det var greiast å gå utanom og i lyngen. Ned igjen var det ikkje heilt farefritt å springe. Vel, eg gjorde det likevel... Og merkeleg nok greidde eg å halde meg på beina i kveld. Med naud og neppe nokre gonger. Men det er no moro òg når du ligg på grensa av å ikkje kunne kontrollere bevegelsane... Dei frosne steinane i elvane er eg likevel obs på - dei er livsfarlege. Spesielt ein plass nedom Rinda, der eg heldt på å fare utfor ein gong før då eg sklei...!
Egentleg kjekt at det kom litt snø oppe i fjellet. Det blir så mykje lysare å gå med hovudlykta då. Det er heller ikkje så glatt når snøen legg seg som på barfrosa mark og fjell! Kjekk tur!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Du skriver så utrolig mye fint Gustav! Og vanvittig flotte bilder! Ønsker deg og dine en flott julehøytid! Regner med at det blir mange fjellturer på deg som vanlig :-)
Tusen takk Anita. Varmar godt slike ord. Og God Jul til deg og dine også...
Legg inn en kommentar