Fra Fanafjellet_Smørskornova 051209 |
lørdag 5. desember 2009
"Moonlight Serenade"
Ved Eidsfjorden i dag tidleg kl 7.35 var det månelyst ut i havet... Bildet er teke med 1 minutts lukketid på kompakten...og er vel så klårt ein kan forvente av eit kompaktkamera utan stativ...
Friskt på Fanafjellet i dag tidleg klokka halv 10...
Eg hadde avtalt med Vigdis om å treffe ho i Rivedal i dag tidleg kl 08, der vi sette igjen ein bil, og deretter køyrde ut igjen til vassverket i Holmedal. Såleis kunne vi gå på Fanafjellet først, og deretter inn på Smørskornova. To fluger i ein smekk.
Det var såvidt lyst nok til å gå, då vi gjekk opp vegen frå vassverket og opp på Hålandsstølen. Litt isete i vegen. Eg stod brått og spann utan å komme meg av flekken. Vidare gjekk vi opp og inn Fagredalen. Det var omlag snøfritt. Litt isete enkelte stadar og delvis frose underlag. Midt inne i dalen måtte vi til med hovudplagg, då vinden tok litt meir. Det er flott merka opp Fagredalen med trestenger (John L?). Fint å kunne gå same vegen då det blir fort sti på denne måten. Turen inn og opp stigninga på sjølve Fanafjellet gjekk veldig greitt og fint. Vigdis drog friskt i veg...
På toppen av Fanafjellet bles det som vanleg. Rimeleg kjølig. Så etter å ha fått namna i boka, gjekk vi nedom ein hammar og fekk av det sveittevåte tyet i nye, tørre ullklede. Her låg det ei ganske svær snøfonn som liksom skreik til Vigdis om å bli gjort om til engel. Snøenglar skal visst vere både glade og blide. Eit teikn i gleda og optimismens ånd, kan vi vel litt pompøst kalle seansen som utspann seg...
Vi var no komne inn i mitt heimland. Så eg førte an i bra fart innover. Forbi toppen av Mannsskaret, austsida av Svarthamrane og over vadet på Siklabergvatna. Det låg meir snø her inne enn på toppane lenger ute. Landskapet ligg meir i skjul for søraust vinden, og var ikkje så avblese. Det vart noko tyngre å ta seg fram.
Vi stoppa eit bèl ved utløpet av Langevatnet. Elva her i frå renn ned i Svedalen. Det er ein fin plass å blande seg drikke og finne noko å tygge på her inne.
Vi valde å gå opp nordsida av Smørskornova. Dei er greie å ta seg opp både denne og sørsida. Her òg låg det ein del snø og trakke i. Men utan problem av noko slag å komme seg opp. Fargane på skyene både i sør, nord og vest, var flotte. Rosa, mørkeblå og svart. Og alle nyansar inn i mellom. Skikkeleg fin vinterdag, men utan sola i dag òg.
Vi tok ned igjen skaret på sørsida av fjellet med peiling mot kraftstasjonen i Rivedal. Her er det noko bratt og ulendt første biten ned. Eg dreiv og fotograferte her opp, så eg vart litt etter Vigdis nedover. Resultata når ein skal skunde seg er ofte ikkje gode. Eg hadde meg difor ein seglas på ræva nokre meter nedover. Men med halvfrose gras som underlag vart det egentleg berre komisk...
Vi heldt noko av høgda, og vestsida av dalen ned til sjølve demme i Rivedal. Dermed unngjekk vi myrane i botnen på dalen. Artig var det å komme over ei halvròta bjørk med fleire tjukar, der ein hakkespett hadde hakka hol under ei av dei. Tjuka fungerte som tak (sjå foto)! Holet såg relativt ferskt ut og truleg nytta i år. Kven har sagt at fuglar ikkje er intelligente vesen...?
Etter at vi kom ned til parkeringsplassen i Rivedal, høyrde vi ut igjen til Holmedal til Vigdis sin bil. Og tok farvel svoltne som ulvar...
Yess, det var ein fin tur. Ca 4 timar. Vinterleg. Ein ting er iallefall sikkert:Det er godt å ha med seg gode byteklede. Dessto viktigare no enn elles i året...
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar