onsdag 30. desember 2009
Reprisen (vart ikkje fullt så god...:-))
Litt snødrev i lufta på Toreheia i kveld
Eg gjekk like godt opp igjen på Toreheia i kveld òg. Eg tok med meg trugane, og nytta dei omlag halve vegen frå Rinda og forbi Krikavatnet. Det fungerte heilt fint. Men sakk litt ned i nysnøen.
Vèrmessig vart det ikkje så fint som i går. Månen var gløttvis framme, men det vart aldri like lyst. På toppen kom det ei lita snøbyge òg, så fotograferinga eg hadde gledd meg til gav eg katten i. Det kunne ikkje bli noko særleg bilde ut av det likevel, med forseinka lukketid på blendaren, når vèret vart slik. Eg fekk vere nøgd med kva eg fekk til i går kveld.
Elles er det vel ikkje så mykje å seie. Eg måtte ty til hovudlykta, og kom meg flott opp og ned utan problem....
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar