lørdag 28. november 2009
Opplegget sprakk
Fossedalshengenipa i dag tidleg
Etter å ha pakka sekken og gjort meg klar for ein lengre tur i dag tidleg, var skuffelsen enorm då eg kom ut på tunet i ca 6.30 og det silregna! Snakk om å bli slått i hovudet med noko hardt. Meldingane i går var jo bra, men dette var langt frå bra. Eg køyrde likevel opp i Skjerlia og fekk ta det derifrå.
Det var sjølvsagt bekmørkt der oppe i 07. tida med regn og litt skodde. Eg bestemte meg der og då for at det ikkje vart nokon tur utover fjellet frå Nipebu, men berre opp på Fossedalshengenipa. Fotoapparatet la eg likegodt igjen i bilen. Kunne ikkje risikere at det vart vått. Dessutan var det mørkt.
Det var særs blautt oppover. Bra at eg hadde teke på gamasjane. Elles gjekk det heilt fint og raskt med hovudlykt. Ingen problem. Men midt oppe i dei bratte skråberga mot toppen, var regnet gått over i snø. Herifrå og opp låg det nokre få cm. Medan eg stod der på toppen lysna det såpass at eg såg bort i Eitrenipa og Kringla. For skodda letta litt. Det låg òg snø her borte. Vestover mot Nipebu låg skodda framleis. Så eg var ikkje i tvil om at valet om å gå ned igjen var rett. Langturen vestover fekk venta til vèret laga seg.
Turen ned igjen gjekk heilt greitt med eitt unntak. Eg glei på den spikra brua og låg langflat bakover. Ikkje nok med det - var cm frå å stange trynet i endestolpame på rekkverket då eg først rykte hovudet framover. Det skulle blitt eit fint kjevebrot til jul, tenkte eg...
Elles traff eg 5 karar med oppakning og gevær nedom Markavatnet. Sikket hjortejegarar. Eller kanskje det var hagle dei bar på. Truleg var det Nipebu som var målet? Fugl er her jo ikkje, så det må bli mager fangst. Dei lurte nok godt på kvar eg kom i frå, sidan det akkurat var lyst og eg var komen ned igjen...:-)
Ja, det var den. Men dagen og helga er enno ung. Vi får sjå an vèret litt utover dagen. Om det kan bli nokre fleire sprell..
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar