tirsdag 3. november 2009
Fantastisk måneskinnstur
Motiv frå turen på Fossedalshengenipa på søndag. Vi ser Eitrenipa og N&S Kringla. Vatnet er Krokavatnet.
Det var fullmåne på søndag. Men du verden for ein flott måne eg fekk med meg på Toreheia i kveld. Eg kom meg jammen heilt til topps utan å bruke lys.
Etter stormen i går var eg litt spent på korleis det stod til med merkinga oppe. Litt på halv åtte stod dei der, stengene, men betre enn eg hadde trudd. Det ikkje berre bles i går, det måtte og ha kome ned alvorleg med regn. Krikavatnet gjekk heilt over vadet. Det var så vidt eg kom meg tørrskodd over. Neste gong eg fær forbi når det er lyst, må det leggast opp nokre steinar her. Elles var det søkk vått mange plassar.
Eg tok livet med ro og verkeleg nytte turen i kveld - i selskap med min eigen skugge av skinet frå månen. Det var som om han smilte ned til meg...
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar