Darkness darkness
...eller ingenting som rør meg nu
Foto frå Yndestadfjellet mot Krikavatna i går
Praktfull tur med hovudlykt på Toreheia i kveld. Ein klår stjernehimmel glitra ned. Litt vind, men ganske mildt til å vere november. Det er ei flott oppleving å sitte ved varden og sjå ut mot lysa frå Svanøya, Florø og øyane i nord, austover Førdefjorden og Vevring, og mot vest til m.a. Bulandet og Follevåg. Utruleg med lyspunkt her nede i tillegg til alle stjernene der oppe. Fantastisk. Åleine. Så nær...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar