tirsdag 17. november 2009
Ein forsmak
Foto frå Fanafjellet 780 moh 7/11. Toreheia 717 moh midt i bildet bak varden. Ytrevågefjellet 667 moh t.h.
Ganske tøffe forhold på Toreheia i kveld. Ein god søraust kuling og regn midt i fleisen på veg oppover, var alt anna enn behageleg. I eit av vindkasta ved Krikavatnet valde eg å gå ned på kne.
Eg visste det kom regn, men rekna med eg kom meg opp og ned før det begynte. Den gang ei. Det er ikkje så lett å følgje med kva vèr som er på gang heller når alt er mørkt omkring ein...! Nokon problem var det jo ikkje på turen, men ein liten smak av kva ein har i vente her oppe i vinter. Ikkje særleg gjestmildt i slikt vèr. Iallefall ikkje når det i tillegg er stummande mørkt...
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar