mandag 23. november 2009
Kjø i spotlight
Motiv ved Fossedalshengenipa med utsikt mot Langevatnet og Nipebu. Soloppgang 23/10 kl 09.
Suveren kveldstur på Toreheia i kveld. Praktfull stjernehimmel og ein sigd av nymåne følgde meg heile vegen opp og ned. Og til ein forandring var det heilt stilt. Ikkje eit vindpust. Det vart difor ei artig oppleving då eg gjekk langs Krikavatnet. Sidan eg i dag hadde skifta batteri i hovudlykta lyste ho spesielt godt. Dette gjorde til at eg kunne sjå kjøa ute i vatnet på lang avstand. Kjøauga skein som diamantar utetter det langgrunne vatnet. Og dei var slett ikkje redde lyset. Dei fleste. No er det ikkje akkurat storkjø i dette vatnet. Men artig likevel...
Elles var turen som vanleg. Flott lys i alle himmelretningar. Fin lita stund der ved varden før kulden kom sigande på. Kjempeflott!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar