Fra Toreheia 091109 |
mandag 9. november 2009
Magisk kveldstur
Bilder frå Toreheia i kveld
Etter å ha vore heime med ein sjuk Peter i dag, med lesing, sulling og dulling, snop, brus, paracet og søvn, var det veldig godt å komme seg ein tur opp på fjellet. Det passa seg slik at eg akkurat kom meg opp på toppen av Toreheia i det siste dagslyset for dagen. Eit fantastisk kveldslys ute i havet følgde meg oppover. Gradvis mørkare. Til det var heilt mørkt på toppen. Sjeldan har det vel vore så fint så høgt til fjells i november. Iallefall utan ei hytte i nærleiken.
Heldigvis hadde eg med meg fotoapparatet. Å ta bilder i mørket er ikkje heilt enkelt. Dei er stort sett tekne med sjølvutløysing for å unngå risting. Og er vel maks kva ein kan få ut av brikka på eit kompaktkamera... Likevel fortel dei vel om ein flott kveld der oppe. Så fint som det er om kveldane no kan ein jo gå kvar som helst med hovudlykt! Det er så ein kan bli reint varm om hjarterota...:-)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar