Nydeleg kveldstur
Moldura sett frå aust. Foto 31/10.
Hadde ein flott og roleg kveldstur med hovudlykt på Toreheia i kveld. Som vanleg var det litt vind på toppen, og overskya vèr. Faktisk var det nokre snøflukser i lufta på veg ned igjen. Terrenget var frose til sidan onsdag. Det gjorde det difor ganske lett å ta seg opp. Men eg måtte sjølvsagt vere litt obs så eg ikkje tryna...
Krikavatnet var delvis islagt. Og vinden hadde kasta vatnet langt opp på land slik at iskrystallane hadde festa seg på graset. I lyset frå hovudlykta såg det fint og kunstnerisk ut. Grei tur dette...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar