lørdag 3. juli 2021

Immobile

Frå mimretur i juli i 2008 -
her på Driveknolten på Heileberget-
etter å ha vore på Eitrenipa og Blegja i bakgrunnen...

Det har blitt juli. Høgsommar. Og sola har snudd. Som framleis noko immobil avgrensar turane mine seg stort sett inn Solsidevegen til endes og heim igjen. Halvannan time eller så. Men no kan eg etter kvart peise bra på heile vegen. Er litt meir forsiktig i dei meir ulende partia innom Blomberg. Likevel -  det gjer godt. 

Frå ruta aust om Blomberg i dag

Kyrne trivst veldig godt her på Lindhammaren - dei ligg ofte her om morgonen - og ingen klagar på utsikta...😃

Sidan juli månad er her, og som sagt turlivet mitt begrensar seg, så kan eg mimre litt om denne månaden òg. 

Ein juli-tur eg hugsar godt, og som er vèl blogga, var tilbake i 2008.  Den gjekk frå Rørvika til Blegja, deretter via Blegjaskaret til Synste Stauren, ut Blåegga til Eitrenipa, ned Eitreskaret og Massbu-ruta til Nipebu. Der i frå sørover og via Svartetjønna til Heileberget, Driveknolten og til Rivedal. Turen med bilder finn du her. 

Det var ein knallvarm sommardag. Litt kjekt å sjå tilbake på. Og noko krevjande ja...  Men det er jo slik med fjella våre her ute - turane kan ein gjere akkurat så lange som ein vil. Og over helga skal eg iallefall prøve meg litt lenger enn i dag - men om eg nokon gong vil gi meg i kast med ovannemnde rute er vel heller tvilsomt - iallefall på ein dag..😎



Ingen kommentarer: