torsdag 29. juli 2021

Møte med Lehmkuhl









Nokre klipp frå album

Det var ei fantastisk oppleving å få vere med Bakkejekta vestover til møtes med Statsraad Lehmkuhl i går kveld. Olaug og eg gjekk på i Holmedal medan Bakkejekta gjekk frå Jensbua klokka 18. Det var også stopp i Bogevika og på Olset. Totalt var vi vel 10 ombord. Vi gjekk så sørvest om Atløyna der vi om eit bèl fekk auge på seglskuta som dukka opp i eit hav av småbåtar. 

Omkrinsa av båtar segla så Lehmkuhl inn Vilnesfjorden til Askvoll. I kveldsol og tidvis pøsande regnvèr. Til trekkspelmusikk frå Siri Helle ombord i Bakkejekta. Lehmkuhl la seg til kai ved gamlekaia for natta. I dag går ferda vidare til Shetland.    

"Once in a lifetime" er eit uttrykk på engelsk som kanskje er dekkande for denne kvelden. Skikkeleg artig var det. Og stemninga "stod i taket". Det spørst om det nokon gong har vore så mange båtar på fjorden på ein gong som denne kvelden. 

Bildeserie Statsraad Lehmkuhl i Askvoll 280721

2 kommentarer:

Øystein Helle sa...

Dette kan gå rett inn i loggboka til jekta. Takk for følgje.

Gustav Skaar sa...

Takk for turen og godt selskap Øystein. Det vart ein flott tur for minneboka dette.