Eg begynte seint på jobb i dag. Eg køyrde difor ned til Askvoll og sprang ein tur på Kultingane. Fantastisk vèr og heilt vindstille. Men bilruta var frosen...
Opp den skuggefylte Askdalen var det òg frost på marka. Sola var ikkje komen her så tidleg på dag. Derimot var det intens fuglesong opp dalen. I dag høyrde eg for første gong raudvengjetrast. Måltrasta har hatt morgonkonsert lenge. Elles høyrde eg bokfink, raudstrupe, gjerdesmett, ringtrast og gransongaren. Lauvsongaren er ikkje komen endå. Heipiplerke, som eg såg fleire av, er det lite læte av.
Eg skreiv meg inn i boka rett etter kl 7.30. Nydeleg morgonsol på toppen og ikkje ein lyd. Så knipsa eg nokre bilder i det flotte morgonlyset og sprang ned igjen bakkane, gjennom Askdalen og Prestemarka til bilen. Køyrde så heim i dusjen, og fòr til Førde... Perfekt start på dagen...:-)
Fra Kultingane 250412 |
Motiv på Kultingane i dag tidleg
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar