Peter på Moldura i dag
Nokre voldsomme sprell vart det ikkje i dag heller. Til det er eg rett og slett for dårleg i høgrearmen min. Det set begrensningar både på motivasjon og lyst. Så det vart standardruta på Moldura. Å sitte heime ein så flott søndag er ikkje noko alternativ.
Eg tima likevel turen frå nordsida såpass bra at eg traff att Peter og Olaug på toppen ilag med Anne og Velaug. Dei kom opp frå Holmedalssida. Det vart spesielt kjekt for Peter. Han kunne sigle på plastpose ned nordsida til Stafsnes igjen med meg. Eller rettare sagt til Langedalen. Det er berre snø ned der no. Og så fekk damene går for seg...
Forholda oppe på fjellet var fantastiske. Rett og slett. Heilt nede låg det skare. Nærare toppen var det eit fint lag med nysnø opp igjen på skaren. Skaren blotna litt etter kvart, så eg gjekk for det meste med trugar i dag.
Forholda oppe på fjellet var fantastiske. Rett og slett. Heilt nede låg det skare. Nærare toppen var det eit fint lag med nysnø opp igjen på skaren. Skaren blotna litt etter kvart, så eg gjekk for det meste med trugar i dag.
Anne, Olaug og Velaug på Moldura i dag
Eg såg det var gått opp ein person før meg. Med broddar. Sidan det ikkje stod nokon bil nede ved vegen, var eg ganske så sikker på det var Ansgar Bjarne. Det stemde, men vi traff ikkje på kvarandre før Peter og eg kom ned igjen til fjorden.
Det er lenge sidan Peter har kosa seg slik på ein fjelltur. Bakkane ned igjen på nordsida frå Moldura er som skapte for å renne på ski, ake på akebrett eller sigle på rumpa på plastposar for den del. Det siste nytta Peter i dag. I fleire av bakkane måtte han streke fordi farten vart for stor. Men i somme, der snøen var litt blautare, var det verre med glien (sjekk videoar)...:-)
Kjempeflott søndag iallefall. Fint at Olaug og Peter var veldig nøgde. Eg kunne som sagt tenkt meg ein lengre tur, men fjella ligg no der. Armen kjem seg vel att med fysio-behandling. Kjedeleg er det iallefall med verken både dag og natt! Men å klage hjelper lite - det forpestar vel berre omgjevnadene...:-)
Fra Moldura 220412 |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar