torsdag 1. april 2021

Eit møte på Dokka


Kjekt møte med Kristian Årdal og hunden på Dokka i dag


Utsikt til Kyllaren, Straumen, Nes, Olsetåsen og Fristad

I dag Skjærtorsdag snudde eg litt på flisa og gjekk "Eidsfjorden-ruta" til Kalderasnipa. Deretter til Dokka. Ei rute eg alltid har likt godt. Ein kjem fort opp i høgde frå fjorden. Til Eidselva og Eidsvatnet. Og går vidare opp på toppen frå nordvest. Her er det fin utsikt til Fisma og perlerada av toppar på Askvoll-halvøya i vest. Og oppe på Kaldrasbøane får du flott sikt til Kyllaren, Straumen og Askvoll. I nord dukkar Moldura og Nyksvatnet opp. Moldura delvis i skodde på morgonen.

Eidselva

Fisma ved Eidsfjorden
Vi ser fjelltrimposten på Smørkletten oppe mot venstre og
Jamneheiane oppe til høgre

Veret var delvis skya med litt sol på morgonkvisten. Men berre med nokre få plussgrader. Bort i mot vindstille. Starten på denne ruta ligg unnasols til på morgonen. Men sola fekk eg oppe ved Eidselva. Klokka var vel bort i mot 09 då eg starta. 

No har eg ikkje gått denne ruta på snøfritt føre før i år. Kjekt då å sjå at alt av vardar stod som perler på ei snor ovanfor Eidsvatnet. Fint å ha når skodda kjem sigande på. Ofte veldig fort. Eller for dei som har lyst å prøve noko nytt opp på fjelltrimposten på Kalderasnipa. 

Fin utsikt til Askvoll og Sauesundet på Atløy.
T.h. Fristadfjellet som er post på TiTur Dalsfjorden frå 1.mai.

Som sagt så gjekk eg vidare frå toppen og opp bakkane til Dokka. Her låg det noko meir skaresnø, så då tok eg på meg broddane. Kjem raskare og tryggare opp når skoa sit på. Sparer energi òg. På toppen av Dokka traff eg forsyne meg ein kjekk ung kar. Så vi kom i prat. Det viste seg å vere Kristian Årdal frå Jølster som driv Spar-butikken i Førde. Bilder måtte til. For oss begge. Så det var koseleg. Det er noko spesielt å treffe fjellfolk på tur. I guds frie natur er folk lette å bli kjende med. 

Dalsfjorden delvis i skodde i dag.
Toppen på ranen på Dokka t.h.

Etter å ha kome opp ranen på Dokka gjekk så Kristian til Nykshytta. Eg derimot gjekk turen tilbake til Kalderasnipa. Nede ved Eidsvatnet att begynte det faktisk å snøe. Ei skikkeleg nordabyge dreiv inn frå Stavenesodden. Men den gav seg relativt fort. Deretter gjekk turen ned att til bilen i Eidsfjorden. 

Fin Skjærtorsdags-tur. Og kjekt møte på Dokka. No får vi berre håpe vèret held seg framover. 

Foto Eidsfjorden Kalderasnipa Dokka 010421





Ingen kommentarer: