onsdag 14. april 2021

Topp tur på trugar

Mot Skorvemarka i dag


Sola bryt gjennom disen mot Fossedalshengenipa

Topp tur til Markahengenipa på trugar på morgonen. Delvis skya, litt skoddedis og ein heil del snø opp gjennom "Nipebu-ruta". Krokavatnet låg isfritt medan Nipevatnet og Langevatnet ved Nipebu var islagt med nysnø. Om vatna er trygge er vel gjerne eit anna spørsmål. Det såg ut som osen mellom vatna er open... 

Dagens selfie

Elles kikka sola fram no og då og det vart reint idyllisk. Så vårleg var det gjerne ikkje. Til tider relativt kaldt i nordatrekken. Flott trugetur!

Krokavatnet er isfritt

Foto Markahengenipa (mobil) 140421

Ingen kommentarer: