torsdag 29. april 2021

Rivedals-posten

Utsikt austover frå Vardenova

Dokka, Kalderasnipa, Alden og Moldura m.m. i vest

Mot Dalsfjorden, Rivedal og Straumsnes m.m.
Vi ser Dokka, Moldura og Skålefjellet i Stongfjorden mot høgre


Skålefjellet, Toreheia og Ytrevågefjellet m.m
Osland Gard nede t.h.

I dag gjekk morgonturen til Vardenova. Fjelltrimposten som ligg mellom Rivedal og Osland. Ein post som eg kjem til å gå ein del på framover. Med sine 777 moh er toppen lett å sjå frå andre toppar der den ligg ganske fritt vest for Stordalen. 

Det er merka rute frå vassverket i Rivedal og over myra nordover til under Røyrbotnholten. Her oppe koplar stien seg på DNT-ruta til Nipebu frå Stongfjorden. Med ein liten avstikkar opp på sør- eller vestsida. Sistnemnde luftig. Ikkje heilt ufarleg når det ligg is og skare i skåra opp. Men det er sørsida som er merka med merkepinnar. Det er flott utsikt i alle retningar på Vardenova. 

Foto Vardenova 290421

Her ein video med stillbilder frå i fjor haust:

 

Ingen kommentarer: