torsdag 22. april 2021

Kaldt på Kalderasnipa

Smil til fotografen... 
(men det var iskaldt...😄)

Full vinter ved Kalderasnipa i dag tidleg


Dokka

Gårsdagen gjekk med til ein tur til Bergen med ekspressen frå Askvoll. Veldig flott å reise på denne måten. Sjølv i nordakuling. For det meste seglar ein jo innaskjers. Men over Sognesjøen og Fensfjorden var det litt sjøgang nokre minuttar. Eg såg såvidt innom Marie på Bergen Storsenter der ho jobbar som tannlege. 

I dag tidleg var eg tilbake på "Eidsfjorden-ruta" til Kalderasnipa. Hjortane eg hadde føre meg oppe i dalen hin dagen gjekk på same plassen i dag. Artig. I dag trekte dei opp og sør om Sørskaret nedanfor Eidselva. Her er det litt bjørkeskog heilt i skoggrensa. Hin dagen fòr dei motsett veg over fjellet vest om Eidsvatnet

Full vinter igjen i Holmedals-fjella


Og ja - det var kaldt på Kalderasnipa i dag. Rennefòk og full vinter egentleg. Det var kome nokre centimeter med nysnø, og ein iskald nordavind gjorde at det berre var å kome seg fortast mogeleg der i frå. Ned att same vegen til bilen ved Eidsfjorden. 

   

Ingen kommentarer: