tirsdag 13. april 2021

Frå påskestemning til skoddeheimen

På veg ned igjen lysnar det mot Flekkefjorden

ds

Fekk eit glimt av Dokka i bakgrunnen....

Eg vart nok teken litt på senga med snømengdene i Grønene i dag tidleg. Når så skaren ikkje bar meg i berre skoa vart det ekstra ekstra tungt oppover. Kneløft i skaresnø til opp på leggene. Grønene er jo ganske så bratte òg. Ja, det var ein tabbe å ikkje ta med trugane. Men til opplysning er det no trakka nye spor heilt til topps! 

No var det reine påskestemninga første biten. Flaks soleis at verste sigesnøen var kombinert med flottaste sola. Elles hadde eg vel snudd. Men på toppen av Grønene, då verste slitet var over, seig det på med skodde, vind og fòk. Sjølvsagt. Og vidare opp mot toppen var det minimal sikt. Flott då med god merking. Vel, då var det berre å kome seg ned att. Delvis via rumpe-seglas i brattaste bakkane. Og heime igjen vart det jo veldig flott vèr. Ja, ja slik er det. Våren er ustadig....    

Ingen kommentarer: