søndag 11. april 2021

Sosialt i snø

Gjengen på Blåfjellet i dag


Avgang Grimelia

Nysnø i dag tidleg 

Morgonstemning i Grimelia

Tone orienterer om øyane i Florø

Øyane i  Florø

Sillan nyt sola i ein drikkepause for Tone

Peter leia an siste biten....

mot toppen

Sillan og Tone rett før toppen

Peter går i bakken...

Matykt ved Svartevatnet

Olaug nyt sola i bakkane på Yndestad

Eg tok kontakt med broder Sigvard og Tone på morgonkvisten med spørsmål om ein tur på Blåfjellet i Grimlia. Dette for overrekking av gåve til Tone. Og som ein slags gebursdagspresang. So flott at dei vart med. Ja, Peter og Olaug heiv seg på òg. 

Det var kome ein 10-12 cm nysnø i løpet av natta. Tørr og fin. Så det var ingen problem med å gå opp på Blåfjellet. Ok - det er jo litt tyngre å gå i snø enn på bare bakken då. Det gjeld berre å velge turmål deretter. Som de kan skjøne vart dette difor ein heilt annan tur enn dei eg brukar til vanleg. Kjekt å gå i lag med nokon. Sosialt. Og i eit litt anna tempo enn når eg går åleine. Det er mange slags turar.... 

Tone sjølv er frå Florø. Så det er nok ekstra kjekt for henne å sjå heim att frå traktene våre her ute. Vi ser jo ut til øyane og byen der ute same kva topp vi går på.  

Elles var det litt trekk på toppen. Vi valde difor å gå ruta om Mangevatna til Yndestad heim igjen. Så kunne vi hente bilane etterpå. Og ta ei matykt ved hytta ved Svartevatnet. 

No låg det ein del snø innover her. Men Peter trakka spor. Litt for store steg då... Så eg måtte sette litt "tilleggsspor" av og til for dei som kom bak...😃 Ved den raude hytta var det så tid for kako, skiver, bananer og småsnacks. Og god prat, latter og kos i den varmande vårsola. Deretter retur via Rinda til Yndestad. 

Flott og kjekk tur i det nydelege vèret. 

Foto Grimelia Blåfjellet Yndestad 110421

Ingen kommentarer: