Utsikt ved Toreheia |
På vestsida av Toreheia er der fin utsikt til Krikavatna og Mangevatna. Blåfjellet og Skylefjellet mot høgre. |
Utsikt frå Yndestadhøgeheia mot Mangevatna, Blåfjellet og Skylefjellet |
I dag tok eg nesten heile runda på fjellet her heime. Frå dørstokken opp lia og Selda til Yndestadhøgeheia. Deretter opp på Toreheia. Og så ned fjellet på nordsida til Skylefjellet og Blåfjellet. Retur via sørsida av Mangevatna og "Skylefjells-ruta" heim til Yndestad. Kjempeflott runde dette! I lett og ope terreng oppe på fjellet.
Som dei andre dagane - delvis skya, glimt av sol og nordatrekk. I dag gjerne litt mindre vind enn dei andre dagane. Men framleis så kaldt av vasspyttane på fjellet var stivfrosne. Likeeins snøen som låg der oppe enkelte plassar. Elles tørt og fint. Lett og greitt. ca 4 timar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar