torsdag 15. april 2021

Årets varmaste

 

Det var skikkeleg varmt i snøbakkane i Grønene i dag tidleg då eg gjekk opp igjen same spora som hin dagen. Som tenkt viste desse delvis oppover. Men i sola vart spora godt blaute. Så i bratta, med sola i ryggen, vart det reine sveitte-scenarioet. Klesplagga forsvann som dogg for sol i vindstilla. 

Vel, opp kom eg meg i dag òg. Ruta er meir kupert ovanfor Grønene. Snøen bar dessutan litt betre i høgda. På toppen var det fantastisk. Blikkstille. Det er sjeldan her oppe. Så eg måtte nesten ta ein liten snutt med mobilen. Utan vindstøy. 

Ned igjen sigla eg mykje av Grønene på berre rumpa. Morsomt. Og raskt nede igjen til Vassverket i Holmedal.      

Ingen kommentarer: