lørdag 10. april 2021

Vabbe vabbe...

So kom neste byge - på toppen...

...som er klar for nye kulingkast og snødrev. 

Det var egentleg ganske fint inn Askdalen i dag tidleg. Faktisk såg eg i sola. Og ikkje låg det så altfor mykje snø heller. Meir snø vart det lenger inne i dalen. Spora som var der frå i går vart meir og meir vekke. Opp bakkane heilt vekke. Så ja, det vart relativt tungt å vabbe opp motabakkane i snøen i dag òg. 

Verste snøbyga med snødrev, vind og dårleg sikt fekk eg sjølvsagt oppe på toppen. Kanskje like greitt. Då var det berre å sette til palings ned att...😄

Ingen kommentarer: