mandag 19. april 2021

Tørt, fint og tilnærma snøfritt

Fin utsikt frå "Eidsfjord-ruta" til Kalderasnipa.
Her med hurtigruta i dag.

 

"Eidsfjord-ruta" til Kalderasnipa/Dokka
Foto frå Jamneheiane 28/5-20

I dag tidleg gjekk eg den flotte ruta frå Eidsfjorden til fjelltrimposten på Kalderasnipa. Tørt og godt opp bakkane. Berre litt snø somme plassar høgast oppe. Dette er ei veldig grei og kjekk ruta. Fint å velge ei anna rute enn opp frå Holmedal heile tida. For min del blir det òg mindre køyring. 


Tørt og fint opp bakkane frå fjorden


Elles hadde eg 6 hjortar føre meg oppe i bakkane i dalen. Dei såg meg visst frå då eg parkerte. Artig innslag. Dei har forresten laga ein god trassè øvst oppe som er lett å følge opp over hamrane.  


Ruta kryssar Eidselva


ds

Noko morgontrekk var det på toppen. Men du verda for ein fin temperatur. Sjølv klokka 10. Eg gjekk ned igjen same ruta til bilen ved fjorden. Fin morgonsyssel!





Ingen kommentarer: