lørdag 24. april 2021

Med Øyvind og Marie på tur

Øyvind, Marie, Olaug, Peter og meg på Kalderasnipa i dag

Øyvind og Marie studerer turskiltet ved Vassverket

Mot Vikastølen med Dokka i bakgrunnen

Ved Kalderasnipa - Moldura t.v.

Retur med Dalsfjorden som utsikt

Nykshytta

Marie og Øyvind har vore heime på Yndestad i helga. Så i dag bestemte vi oss for å ta turen på Kalderasnipa frå Holmedal. Opp Grønene ruta. Med retur om Nyksvatnet og Nykshytta. 

Som dei andre dagane var vèret av den skiftande sorten. Kald nordavind på toppen då sola forsvann. Men ganske varmt i bakkane då sola kikka fram. Det ligg litt snø igjen oppe i høgda. Litt våt og litt skare om eit anna. Opp Grønene for det meste tørt. 

Etter å ha toppa ut gjekk vi så om Nyksvatnet og tok oss ein liten rast i Nykshytta. Fint. Her oppe var det også nokre andre folk. Og fleire turgåarar traff vi så på stien ned igjen til vassverket. Flott og kjekk tur! 

Ei skive og godt utsikt til Holmedal - her Peter, Olaug og Øyvind 


Kjekk pause på Nykshytta

1 kommentar:

Unknown sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.