søndag 18. april 2021

Vår i bakkane heime

Lått og løye med Tordis og Kjell på Blåfjellet


Litt trekk var her

Ved Mangevatna på veg inn att

ds

Blåfjellet ute t.v.

I dag gjekk eg opp igjen heime. I lag med Olaug. Det er så flott og vårleg i bakkane på Yndestad no. Tørt og snøfritt. Og kusymrene blomstrar opp gjennom lia. Litt kjekkare med vårkjensla slik enn å vabbe i snø. Nett før vi drog gjekk også nabo Kjell og Tordis opp lia.... 

Oppe på Rinda traff vi så Karen H. Ho kom frå Grimelia. Så vi slo av ein liten prat med henne. 

Ovanfor Svartevatnet bestemte eg meg så for å gå nordom Skylefjellet. Litt ekstra tur. For så å treffe Olaug igjen på Blåfjellet. Som sagt så gjort. Flott liten avstikkar dette. Ein liten halvtimes tid lenger. 

Klassisk motiv av Mangevatna frå "Skylefjells-ruta"

Vest på Blåfjellet etterpå sat så Olaug, Kjell og Tordis. Her hadde vi oss ei triveleg stund med lått og løye i det flotte vèret. Litt trekk var her. Men flott temperatur. Til Yndestad igjen gjekk vi kvar for oss. Nok ein nydeleg vårtur frå dørstokken heime. 




Ingen kommentarer: