lørdag 17. april 2021

Long time no see

Utsikt mot vest frå Toreheia

Eg har ikkje vore på Toreheia på lenge. Før igjen i dag. Det har gnege meg litt med all denne turinga på fjelltrimpostane. Noko som til ein viss grad ekskluderer alle dei andre flotte toppane her. Men i dag tok eg rev i segla og tok med meg Toreheia og Skylefjellet i same snuren som ein tur utom fjelltrimposten på Blåfjellet òg. For spesielt interesserte ligg det ute tre bøker til å skrive seg inn i på denne turen....

Som dei fleste sikkert har fått med seg var dagen i dag òg heilt nydeleg. Sol frå skyfri himmel, og eit par pluss grader på morgonen. Eit stykke opp gjennom ruta var vasspyttane frosne på. Og mange plassar bar skaren. Spesielt over Krikavatna mot toppen av Toreheia var det lett å ta seg fram. Litt verre lenger nede der skaren ikkje heldt vekta. 

Nydeleg på toppen må vite. Panorama utsikt i alle retningar. Som beskrive hundrevis av gonger før på denne bloggen. Det er noko eige å kome opp på høgaste toppen på nordsida av Stongfjorden. Så nær heime. 

...alltid like kjekt å kome opp her...

Elles gjekk eg den vanlege ruta ned nordsida av fjellkammen og vest til Skylefjellet. Det låg ein del snø på dette partiet. Trakka noko gjennom enkelte plassar. Andre parti heldt meg. 

Frå Skylefjellet bar det så strake vegen vest til Blåfjellet med namn i boka her òg. 

Returen aust att på sørsida av Mangevatna. Merka med småvardar oversiktleg og greitt for dei som vil gå denne ruta til Blåfjellet. Deretter inn på "Skylefjells-ruta" til Yndestad igjen. Perfekt lørdagsmorgon!

Heime igjen på Yndestad


Foto Toreheia Skylefjellet Blåfjellet 170421

Ingen kommentarer: