tirsdag 6. april 2021

Puh - heftig

Kraftig vind, snøbyger og rennefok i Askvoll-fjella i dag tidleg

Men jammen fekk eg litt opplett på toppen

Her flaks med sikta....

Det var temmeleg vilt på Smørkletten i dag. Eit par heftige snøbyger oppe i dalen og hard vind. Lite sikt i rennefòk og ganske djup snø. Spesielt inst i dalen. Nokre plassar rakk snøen til knea i verste motabakkane...! Og sjølvsagt med vinden i mot. Lenger oppe var snøen fòke vekk ein del. Og her tok naturleg nok vinden endå meir. Ja, i dag lurte eg faktisk på om eg kom meg opp. Det kravde både pust i bakken og ein porsjon overtalelse å halde fram...

Vel, ein lyt halde seg til planen! Og på toppen hadde eg ein viss porsjon flaks. For brått såg eg både land og stad. Så etter nokre bilder - og faktisk ein liten snutt, var det berre å kome seg ned att... Puuh - heftig!
 

Ingen kommentarer: