mandag 26. april 2021

TiTur og vårslepp...

Utsikt frå Fristadfjellet i dag 26/4


ds mot m.a. Dalsfjorden - 
Moldura, Kalderasnipene og Dokka t.v.

ds mot Straumen

I dag valde eg utganspunkt for turen på Nordeide. Langs fjorden til Fisma. Og opp det relativt bratte skaret frå Fisma og opp på Jamneheiane. Ei rute eg har brukt ein del før til Fismavatnet og Jamneheiane. 

Gamal steingard på Nordeide

Det er veldig fint her tidleg på våren når heile lia er pryda med kusymre (primle som vi sa i Dale). Rislande vatn langs hamrane, fint og grønt. Om våren er det ikkje så tilvokse heller. I dag var det i tillegg godt hjortetrakk opp heile skaret.

Kusymra blømer heile lia opp....

Frå toppen av skaret over Fisma -
Eidsfjorden og Nordeide -
Kalderasnipa og Dokka 

Frodig opp skaret

Isen var no smelta på Fismavatnet. Men det låg endå ein del snø i dei nordvende skråningane ned mot vatnet. Likeeins litt snø vidare opp nordsida til Smørkletten. På Jamneheiane var all snøen borte. Men så var det nordavinden då - såpass kald der oppe på morgonen at eg skifta alt tøy på overkroppen! Slik gjer jo underverk når ein er svettevåt.... 

Dagens selfie på Jamneheiane med Smørkletten t.v.

Frå Jamneheiane gjekk så turen ned stien til vestsida av vatnet og opp skaret mot Smørkletten. Så opp fjellet på nordaust-sida. Eit par foto her òg (har jo nokon frå før av då 😃) før turen gjekk vidare langs høgdedraget på austsida av Askdalen og til Kultingane inkl. fotostopp. Deretter vidare til Fristadfjellet. Ser det var veldig bra merka med merkepinnar ned att i dalen! Klart for TiTur Dalsfjorden 2021

Både Jamneheiane, Smørkletten, Kultingane og Fristadfjellet er med på 7-fjellsturen som går av stabelen 1.mai. Turleiar John Lien.  I tillegg til dei ovannemnde fjella er vel Blåfjellet, Eggene og Hjartåsen med òg. Fin rundtur dette på Askvoll-halvøya. 

Etter å ha vore på Fristadfjellet, gjekk så turen ned i dalen og til Askvoll. Stopp på Kiwi med Cola og Melkesjokolade. Olaug, som i dag har fri, henta meg. Så til Nordeide etter bilen og heim i dusjen.... Fin tur i sola.... 🌞🌞

Foto Fisma Jamneheiane Smørkletten Kultingane Fristadfjellet 260421

Ingen kommentarer: