fredag 2. april 2021

Rask langfredags-tur

Ryggen på Markahengenipa

Morgonskodde på Fossedalshengenipa

og på Eitrenipa og N&S Kringla

Nordatrekk på toppen i dag - 
og eit dryss med nysnø

Eg tok morgonturen opp igjen på Markahengenipa i dag. Greitt og lett på ruta mot Nipebu. Eg likar egentleg best denne. Er best sti og kan halde bra fart. 

No var ikkje vèret allverda. Og yr.no må no ha bomma - som melde knall sol. Ok - eg såg i sola då. Men på turen var det både snø i lufta og kald vind. Ikkje akkurat noko vèr til å sette seg i solbakken med ei appelsin. Så då var det som før - opp og snu! Eg var faktisk heime igjen kl 11. Og no spørst det om eg skal fyre i omnen...😕



 

Ingen kommentarer: