fredag 23. april 2021

To glimt av sol

Skaret opp til Fossedalshengenipa t.v. 
(det er ikkje toppen vi ser - den ligg lenger bak og høgare opp)

Klassisk - Blegja, Eitrenipa, N&S Kringla, Fossedalshengenipa

Skorvemarka

dagens selfie...


Etter eit oppdrag i Førde på nokre timar i dag, gjekk eg oppom Markahengenipa "på veg heim igjen". Med fjellklede i bilen er det greitt med eit byte av klede ved Markavatnet. I tillegg hadde eg med meg trugane. Dei hadde eg god hjelp i opp dalen nord for Fossedalshengenipa. Her låg det ein god del gjennomvåt sigesnø. Oppe på kanten av fjellet sette eg dei igjen. Ryggen utover mot toppen var for det meste snøfri. 

Elles var det ein skikkeleg sur nordavind der oppe i ettermiddag. Delvis skya, og to glimt av sol...😎 
 

Ingen kommentarer: