lørdag 20. desember 2008
Nordvesten kjem
MMS frå Høgeheia i dag tidleg
Eg stod opp med Peter i 07 tida og var med han og opna kalendarane hans (neste år må eg ha meg eit par av sorten eg òg...). Vi har jo som nemnt tidlegare ein viss seanse med dette kvar morgon, vi gutane...
Eg var innstilt på tur på Eitrenipa igjen i dag, men meldingane kl 08 var alt anna enn lystelege. Nordvest opp i storm, hagl, regn, fare for torèver og snøgrense på 2oo meter etterkvart. (Gløymde eg noko?) Og etter ei ruskete natt med mykje nedbør, regna og bles det framleis. Nei, eg var ikkje innstilt på 5 timar i snø, regn og vind på Eitrenipa i dag. Eg har jo fri ei veke og meldingane er mykje betre over helga....
Det vart difor ein kjapp tur på Høgeheia - igjen - eg var jo nesten nettopp nedkomen derifrå. Men eg måtte berre bevege meg litt i dag òg. Eg blir ei løve i bur hvis ikkje:-) Og klatrar fort opp etter veggane og baurar...
Så mykje er det vel ikkje å seie om sjølve turen. Nordvesten var allereie begynt å ta godt. Og ned igjen var han hard! Likevel var det heilt greitt. Men veldig blautt.
Det er julepakke-dag til Dale i morgon. Årets seanse med eit virrvarr av plastposar og namn. Stressnivået stig. Adrenalinet pmpar. Eg har 5 søsken og 12 eg er onkel til der inne. Det blir fort posar av slikt. Men det er no berre noko vi må gjennom... Eg er vel heldig stilt, for Olaug er ein racer på slik organisering! Ja, på presangar òg... Det vart litt betre styr på dei greiene enn åra eg var åleine! Berre å innrømme mi begrensning på slikt. (Eg svevar i akutt fare for hjarteinnfarkt på handlerunder til jul. Dette har heldigvis fruen forstått etterkvart). Eg er dessutan så lettgløymd at eg ikkje hugsar kva som skjedde forrige jul... Den føreståande er jo like fort historie:-)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar