Frisk frost
Iskaldt på Driveknolten vesle nyårsafta i fjor. Agnar er framme etter å ha gått frå Markavatnet og om Nipebu. Returen gjekk same vegen!
Rein reprise på fjelltrimmen igjen i kveld. Nokre minusgrader og litt trekk frå aust, stakk friskt i fjeset. Og alt var frose. Myrar og vatn. Beinhardt underlag overalt. Iskrystallane på underlaget glitra omkapp med stjernehimmelen. Og månen såg ut som ein gul ost i det tynne sky-sløret. Magisk fint. Og sjølvsagt kjempegodt å få løyst sveitten etter ein statisk dag på kontorstolen...!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar