Vinterleg på Eitrenipa i dag Det var herleg stilt i huset då eg stod opp 6.30. Då hadde eg lege ei stund og høyrt på noko klesvask som slo i vinden på klessnora ute. Jammen bles det godt i dag tidleg òg. Skulle eg ta sjansen på Eitrenipa?
Peter kom tassande litt før 07 og saman opna vi julekalendarane (han har fire!!) som vi brukar kvar morgon. Mor sjølv i huset fekk sove lenger som ho brukar i helgane...
Eg bestemte meg egentleg ikkje for dagens mål før eg høyrde vermeldinga kl 08. Dei melde tildels pent, men vind... Noko med det verste eg veit er å vere ubestemt. Ikkje vite. Kike frå glas til glas og lure på kva målet skal bli. Det er difor alltid ein lette når eg har bestemt meg. Action, action....:-)
Eg var på plass ved Markavatnet rett før 09. Det var godt lyst. Første biten bort til vatnet gjekk lett. 4-5 cm med våt gammal snø og litt is. Men det vart fort tyngre! For opp skogen ved elva rakk snøen meg til midt på leggen. Eg vart gjennomsveitt i bakkane oppover. Av med jakka, buff og hanskar. Eg gjekk og kava vidare berre i ei Devold Expedition trøye. Likevel sila sveitten.
Oppe ved hamrane, forbi skogen ved furutrea, gjekk snøen meg til knea. Det her var maniac. Eg var pumpa, men endå ikkje halvveges! Tvilen melde seg. Eg bestemte meg likevel for å gå opp til vatnet og sjå korleis det såg ut vidare.
Oppe ved fossen og skåra, der strengen er til å halde seg i for å komme opp, var det blese til slik med snø at eg stod til magen i han. Stavane som stod innstilt på 1,20 botna ikkje! Eg hadde problem med å komme meg bort i sjølve skåra. Men eg beit tennene i hop og kom meg hitt og opp til slutt.
Eg sukka av lette då eg såg at vatnet var fullstendig snøfritt! Absolutt all snøen var blesen av vatnet frå aust til vest. Men stålisen var ei saga blott. Snøen hadde vel hamna ned den retningen eg nett var komen opp. Verre var det at den lange "grasbakken" aust under Eitrenipa, og sjølve skåra opp på toppen, såg mistenkeleg kvite ut. Fekk eg same strabasane her som eg hadde vore gjennom, var det tvilsomt at eg hadde kapasitet til å komme meg opp. Eg fekk sjå etterkvart.
Austavinden tok kraftig i kroppen oppe ved fossen. Midt imot! På med jakka og fram med balaclava, fantombriller, hanskar og det som var. Eg måtte skalke "alle luker". Vinden gjekk gjennom marg og bein! Eg hadde ikkje ein sjanse til å ta meg fram over vatnet. Eg vart blesen attende! Eureka - lukk deg opp:-) Eg hadde broddane i botnen av sekken. På med dei og ingen problem. Det vil seie, det var jo tungt å gå med vinden midt imot...sjølv om det var flatt...
Men det gjekk fint bort i søraustre enden på det første vatnet. Her begynte utfordingane igjen. Første bakkane måtte eg vasse i snø igjen til knea og over det.. Ikkje helsike, tenkte eg. Eg gjer meg ikkje. Pusten gjekk som ein blåsebelg. Det som tende optimisten igjen i meg, var at snøen var så hardpakka at han heldt meg innimellom. Og opp den lange "grasbakken" var snøen glasert og hard enkelte plassar. Eg lærde meg fort at der snøen hadde mønster, heldt han mykje betre. Var fastare pakka. Så opp bakken gjekk det over all forventning. Først då trudde eg at eg skulle klare å komme meg opp...
Opp sjølve det bratte skaret hadde snøen stort sett pakka seg slik i hop at han heldt meg. Nesten heile vegen. Men her er det bratt og tungt frå før. Rennefòket kom drivande som levande veggar midt i fleisen til å begynne med. Godt å ha briller då. Når eg får dei på får eg òg eit oransje og flott syn på tilværet. Sola steig over fjella i vest og nord. Fossedalshengenipa kneisa karakteristisk og nydeleg der ute. Og no var eg høgre enn alle fjella der.
På toppen av skaret møtte eg likevel ei ny utfordring. Her er det smalt og luks utfor fjellet. Snøen var avblesen og berre isen låg igjen. Det halla bratt utfor stupet! Men ikkje svarte om dette skulle stogge meg... Så eg festa reimane på broddane litt ekstra og gav meg over den isete hellinga. Må innrømme at eg hadde litt fuglar i magen. Broddar er ikkje akkurat stegjern heller, og datt eg no fann dei vel att beingrinda under fjellet til våren... Då hadde no ramnen iallefall hatt det godt i vinter...:-)
Men eg kom meg over. Det var likevel ikkje slutt med det. For isete var det heile den vestvende bratta til toppen. Terrenget var mykje endra sidan sist. Tydeleg at det låg ein del snø under isen. No kom eg meg opp då. Ad omvegar. Og då eg sette føtene på partiet ved toppen fekk eg sola i sør. Som eit punktum finale. Som ein gullmedalje hang ho der. Som eg inderleg hadde fortent! Eg var lukkeleg, glad og trøtt! Men måtte komme meg i skjul. Ein isande kald austavind hylte rundt øyra...
Det er første gongen eg har fått testa dei nye goretex-vottane med innlegg frå Outdoor Research (same som to vindtette huer eg har). Ekspedisjonsutstyr. Dei var utrulege. Fantastisk varme. Har aldri kjendt på maken. Dei kjenslelause nevane mine fekk varmen igjen på rekordtid. Og dette er faktisk ikkje skryt... Det fungerte så bra at eg tok turen bort på sørvarden og keik ned til Dale. Så fekk eg teke nokre bilder denne vegen òg.
Det var berre utruleg fint på toppen i den låge vintersola. Skuggane frå steinar og dei kunstferdige snømonumenta som var laga av vinden rakk laaangt bortover fjellet. Ei utruleg utsikt i alle retningar. Det her var verkeleg vintertur i desember. Men nokre vidare seansar var forholda for tøffe til. Det bar difor ned igjen same vegen eg kom opp etter eit kvarter eller så...
Utfordringane ned igjen første delen var minst like store som opp. Eller det vil seie - det er alltid verre ned enn opp når det er skare og is. Eg tok det difor svært kulig ned dette stykket. Men då eg var komen trygt ned i det nordvende skaret, var det meste gjort. Det gjekk jo mykje lettare vidare ved å følgje spora. Og eg var rimeleg raskt nede ved vatnet igjen. Og her fekk eg jo vinden motsett av i stad. Likevel var det greitt å ha broddane på...
Utanom eit par små fotostopp undervegs, gjekk eg direkte til Markavatnet igjen. Eg var godt sliten og møyr i kroppen. Og eg hadde brukt vel timen meir enn eg plar. Dette trass i at eg sikkert sparte minst kvarteret på å gå over vatnet. Eg torer nesten ikkje tenkje på korleis det hadde blitt, hvis eg måtte ha vassa snøen på nordsida av vatnet òg... Uansett er det viktig å vere klar over at ein skal heim igjen... Turen er berre halvveges på toppen!
Det vart eit blodslit i dag. Eg brukar å seie til meg sjølv på eremitt-turane mine no at: er eg dødstrøtt kan eg bli endå mykje trøttare...:-)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar