Sterk austavind har laga sine eigne kunstverk øvst i Stordalen. Blægja i aust.I ettermiddag var eg av stad og henta Hanna, eldste barnebarnet mitt på 5 av 5, snart 6... (Eg lurer av og til på om eg gav dei tre jentene mine for mykje Møller`s tran!) Ho blir her i helga. Kjekt at Hanna likar seg så godt i Stongfjorden ilag med Peter... så kan foreldra ta seg ein lang helgatur.
I kveld slit eg såleis sofaen. Det har jo vorte mange kveldsturar på rad i det siste. Godt med ei opplading til morgondagen òg. Agnar blir nemleg med på Eitrenpa i morgon tidleg. Meldingane ser bra ut. Men det kan bli kaldt. Minus 12 og austavind, ser eg på Storm... Kanskje tid for å teste den nye dunjakka frå Mountain Hardwear og vottane frå Outdoor Research? Gode kle er viktig. Spesielt om vinteren...
No tenkte eg du var tapt for alltid og. Då eg har kobla meg på sida di so har eg vorte stoppa på den 30Novmber so eg har no tenkt mitt:) sidan eg ikkje fann nye innlegg. Men i dag tenkte eg at ein liten refresh kanskje kunne gjere susen og då dukka det plutseleg opp fleire nye turar. Kanskje er det fleire som lever i uvissa on det er liv i deg,:)og ikkje berre i mobilsvar.
1 kommentar:
No tenkte eg du var tapt for alltid og.
Då eg har kobla meg på sida di so har eg vorte stoppa på den 30Novmber so eg har no tenkt mitt:) sidan eg ikkje fann nye innlegg.
Men i dag tenkte eg at ein liten refresh kanskje kunne gjere susen og då dukka det plutseleg opp fleire nye turar.
Kanskje er det fleire som lever i uvissa on det er liv i deg,:)og ikkje berre i mobilsvar.
Legg inn en kommentar