Fra Eitrenipa 061208 |
lørdag 6. desember 2008
Magisk vinterdag i fjellet
Sjølvportrett i stålis
Agnar går på vatnet
Eg traff Agnar som avtalt ved Markavatnet før 08.30 i dag tidleg. Han kom frå Førde. Det var ein perfekt morgon! Som tenkt var det akkurat lyst nok til å gå utan hovudlykt. Stien nord om vatnet og bort i austre delen, var skikkeleg isete. Alt flytande var frose. Agnar gjekk difor med isbroddar frå A til Å, medan eg faktisk ikkje hadde dei på i det heile teke. Men isen heldt ikkje heilt på eit par av myrane ... Når du brått står nesten under kneet i våt gjørme er det godt å ha gamasjar på. Ja, spesielt i minusgrader og nett starta...!
Som forrige lørdag var det betre forhold opp ved elva frå Leknesvatnet. Agnar gjekk på autopilot på den breie sti, og ville sjølvsagt over brua. Hadde eg ikkje ropt han inn igjen, hadde han truleg ikkje stogga før han var på Nipebu... Men den stod ikkje på programmet i dag! Stilig. Eg følte meg sjølvsagt som kongen på haugen då eg kunne guide han ein ny veg... Det er jo ikkje kvar dag slikt skjer. Eg for min del kjenner jo snart kvar stein her oppe...:-)
Det gjekk greitt og radig opp bakkane ved elva. Vi stod vel på toppen over fossen på tre kvarters tid eller noko slikt. Det er her i frå dei største delikatessane ligg - på løpande band. Vinter og frost har sin sjarm, som i dag. Sommar, camping, bading og fisking sin. Forholda for slikt liv er fantastiske her. Det ligg fleire lagunar, avløyst av småfossar inn i mellom. I fleire etasjar. Og fisk er her òg. Dette er utan tvil ein av dei finaste plassane eg veit om...
For Agnar var det første turen hit. Og han var einig. Han meinte fruen ville likt seg godt i dette landskapet. Det er flott og lett å gå i det småkupperte terrenget austover nord om vatnet. Blægja ligg midt i mot, og majestetiske Eitrenipa i søraust. Fossedalshengenipa dukkar opp i sørvest.
Vi diskuterte om vi skulle prøve å gå isen på vatnet. Men sidan vi allereie var komne eit godt stykke inn, og gjekk høgre enn vatnet, bestemte vi oss for ikkje å gå ned, men heller prøve isen ut igjen på heimveg.
Vi gav oss god tid i dag. Fotograferte undervegs. Men tutla no oss inn til brua og overgangen mellom vatna etter kvart. Her testa vi isen. Den var bort i 10 cm tjukk fann vi ut. Klink stålis. Ingen problem. Det var såvidt det var elv igjen her inne i dag. Nesten uttørka.
Det er frå brua her aust at mykje av stigninga mot toppen startar. Det var minimalt med snø. Spora mine frå forrige lørdag viste tydeleg heile vegen. Ingen andre sine... Litt fastare snø i dag enn då pga kulden. Vi følgde difor stort sett desse vidare oppover, men mange plassar var det blese til med snø og uråd å sjå dei. Det gjekk fint og greitt opp på toppen av den lange, austvende grasbakken og opp første skaret som svingar nordover på første delen av fjellet.
I sjølve det bratte skaret opp, var eg litt føre Agnar og såg han ikkje att med det same. Eg vart litt paff då han etter eit bèl kom den verste islagde bratta opp litt vest om meg. Han måtte sjølvsagt teste broddane! Eg gjekk utan, så eg valde ei sikrare rute. Eg gaula til han at eg ikkje var tenkt å bere han heim igjen! Då fekk han liggje att her oppe...:-) Men det gjekk sjølvsagt heilt fint.
Mot toppen av skaret hadde sola kome opp over toppane i vest. Praktfullt. Som eit prospektkort. Vi stogga på ved hammaren og det smale partiet som vender vestover og tok nokre bilder. Dette ligg berre 10-15 minuttar under toppen.
Eg har vore nokre gonger her oppe i vinter. Men eg kan trygt seie at dette var finaste dagen - på toppen iallefall. Det var nesten ikkje vind. Mange minusgrader. Og sola spegla snøen og fjellet uendeleg vakkert. Fantastisk vinterdag.
Etter at Agnar hadde fått i seg noko mat, gjekk vi bort på sørtoppen og tok nokre bilder. Nydeleg utsikt mot Dale. Men bilder mot sola blir som kjent mørke... Eg la meg i skjul bak varden som skjulte for sola og fekk inn eit par brukbare mot sør òg. Vi vart likevel ganske fort frosne på nevane og snudde ned igjen skaret etter ein liten halvtime.
Som sagt hadde Agnar på broddane og gjekk nærast ned igjen. Eg sigla på skaren og isen som låg under snøen. Gutaktig. Moro og latter.. Men slike spillopper kan av og til få konsekvensar. Det er enkelte som aldri lærer... Eg tryna vel nokre gonger som vanleg. Men diverre ramla eg eine gongen opp på karbon-staven min som berre enkelt sa knekk... Dett var dett... Eg som hadde festa ny pigg på han i går kveld! Gu`staven... Får håpe eg får fiksa meg ein ny på Sportsnett. Dei har vore usedvanleg hjelpsame med deler og ny stav tidlegare. Eg fekk meg ein kommentar då eg kom heim igjen.. Eg burde egentleg ikkje kjøpe slike dyre ting - eg øydela dei likevel...
Vi kom oss ganske raskt ned til vatnet igjen. Og hadde allereie bestemt oss for å gå isen ut igjen. Det var ei utruleg flott oppleving å gå ut att vatnet. DEN stålisen. Det er mange år sidan vi har opplevd maken.
Ute i enden av vatnet gjekk vi ned ved elva og fotograferte. . Men her var sola vekke og bilda blir lett meir gråaktige då. I all isen og snøen. Så vi heldt fram ned att dalen til Markavatnet igjen.
Det var ein eineståande flott vintertur i dag. Rett inn i minneboka mi. Det trur eg Agnar er einig i òg... Første turen hans frå nordsida på Eitrenipa og opp var strålande på alle måtar. Og ikkje minst var det kjekt med Agnar sitt selskap igjen...
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar