mandag 29. desember 2008
Heldige omstende
Soloppgang over Blegja og Storehesten 28/12 kl 10.09. Lange skuggar og gyldne strålar denne kalde morgonen på Eitrenipa. Ei magisk stund. Ei nydeleg avslutning av året... Som i fjor... og året før!
Etter fleire usedvanleg flotte fridagar, var det tilbake på jobb i dag. Men det slo meg opp gjennom bakkane på Høgeheia i kveld kor utruleg heldige vi har vore med vèret desse dagane. Eit par av turane, som m.a. i går, har vore som ein draum! Suverent skareføre. Perfekt til å vandre i fjellet på sko med broddar under. Så utruleg lett å ta seg fram over frose vatn og myrar. Og faktum er at det er no i mørketida kroppen treng mosjonen og opplevinga av det fantastiske lyset som er i fjellet mest! Ja, det nydelege vinterfjellet i desember er vanskeleg å beskrive med reine ord. Superlativa blir lett klisjear. Så løp og kjøp som det heiter i reklamen... Tid for gode forsett er det vel òg...:-)
Det er vel ikkje så mykje å fortelje frå Høgeheia. Bris frå søraust og litt yr i lufta. Småsprang heim i lyset frå hovudlykta. Godt å få sveitte litt. Ja, julekakene får føter å gå på...:-)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar