Nøgde vandrarar på Eitrenipa i dagPåskestemning med utsyn til Blegja og EitrenipaEg måtte stogge ved Øyravatnet i dag tidleg. Ettersom det lysna av dag vart himmelen heilt rosa i aust. Eit nydeleg lysspel. Eitrenipa låg bada i det rosa skjeret frå himmelen. Det var blikk stilt på vatnet. Omgjevnadane låg spegla i morgonlyset. Lyset tidleg på morgonen er ofte eksepsjonelt...
Eg hadde avtalt med Vigdis at ho fekk vere med, så eg traff henne ved Markavatnet kl 09. Ho har jo vore inn eit par gonger før med meg. Men i dag nekta eg ho å vere med hvis ikkje ho fekk tak i broddar. Ho hadde visst funne tak i noko som likna...
Steinane og berga var polerte med ei ny frosthinna som var ganske glatt. Heilt til toppen av fossen egentleg. Så litt obs måtte vi vere på dette. Men det gjekk raskt og greitt opp hit, lettkledde som vi var. Eg hadde to tynne ulltrøyer på meg. Dei gjekk eg med nesten heilt til topps. Vigdis gjekk nokolunde i det same.
Som tenkt var slapset og overflatevatnet frose til att på Leknesvatnet. Vigdis var likevel skeptisk, så eg måtte hoppe og danse litt. Men vel vitande om den solide stålisen som låg i bånn, var dette aldri nokon fare med. Rundt osane er det sjølvsagt verre. Det gjekk fort og lett inn vatnet og vi tok til på sjølve stigninga.
Spora mine frå fleire turar låg oppe i dagen. Dei var greie å følgje. Men skaren heldt for det meste òg. Oppe i den store skåra ville eg ha på meg broddane. Det var såpass hardt at det var meir behageleg og trygt å ha desse på. Det er dessutan slitsomt å gli bakover heilt tida.
Vi kom oss ganske raskt opp til det endå meir kritiske området. Her hallar skaren og isen bratt utfor fjellet. Og det var akkurat som eg tenkte på førehand - steinhardt og is og farleg utan noko under føtene! Eg kunne godt ha tenkt meg kraftigare saker for Vigdis sin del. Men eg gjekk først og laga spor så godt eg kunne... Det gjekk forsåvidt greitt, men eg er sikker på at jenta hadde fuglar i magen, sjølv om det ikkje kom eit pip...
På toppen venta den store gullmedaljen. Ei fantastisk sol krydra den vinterlege landskapen av is og snø, fonner og føyke. Berre ein kjøleg svak bris var der i dag! Utruleg flott...
Men Vigdis hadde mest lyst å ta seg ei skive lenger nede. Utan at det var nemnt, låg det vel i korta at det var greitt å bli ferdig med det skumle partiet. Vi gjekk difor ganske raskt ned igjen etter å ha skifta litt klede. Eg først. Og det gjekk bra. Hæl-broddane hennar hjelpte ned igjen. Mine heildekkande er gode. Men her oppe er det egentleg forhold for stegjern for å vere heilt trygge...
Jenta fekk i seg noko mat i lyngen på det solfyllte partiet over lagunane.. Her var det praktfullt i sola i dag. Påskestemning aldeles. For meg held det med ein solid morgondose med havregryn og banan. Kan gå mesteparten av dagen på det...
Eg skulle i middagsbesøk til Håvard og Miriam, så det vart ikkje så lange pausen. Turen ned igjen til Markavatnet gjekk fort av seg sjølv.
Dette var nok ein kjempetur på Eitrenipa. Ein sparar bra med tid når vatnet er frose som no. Det gjekk fint på 4,5 timar i dag inkl. matpausen....
I stad fekk eg melding om at Agnar hadde reist med familien på Nipebu. Flotte forhold på føtene med is på Nipevatnet og Langevatnet.... og i morgon er det meldt fint vèr igjen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar