Utfordrande forhold på Skålefjellet med vind, kulde og is
Etter det vellukka besøket hjå Skylefjellsnissen i går kveld, måtte eg sjå oppom Skålefjellsnissen òg før jul. Kunne ikkje gjere skilnad på nissane heller. No har det seg slik at nissen på Skålefjellet bur endå høgre og meir vilt til enn Skylefjellsnissen. Så eit besøk opp hit må gjerast i dagslys. Av den grunn er han dessto meir sky og vanskeleg å komme inn på. Korleis eg skulle få til eit slikt møte på blanke dagen, hadde eg lenge lurt på, men Skylefjellsnissen hadde gitt meg nokre uvurderlege tips korleis eg skulle gå fram.
På Skålefjellet er det endå større vanskar med å skape seg eit godt utkome av omgjevnadane enn på Skylefjellet. Difor sa Skylefjellsnissen at Skålefjellsnissen var veldig søtsjuk. Eg skulle ta med ekstra rosiner til grauten. Dessutan - hvis eg hadde med eit ekstra godt lag med kanel på, ville det gjere underverk, meinte han. Som søtsjuk var det rimeleg å tru at julemarsipan ville gjere utslaget. Men det som kanskje mest ville lokke Skålefjellsnissen fram på lyse dagen, var hvis eg tok med meg ei flaske med godt heimelaga juleøl! Med det i tillegg til grauten, hadde eg dei beste føresetnader til å lukkast, meinte Skylefjellsnissen. Som sagt, så gjort. Eg pakka rikeleg med nemnde ingrediensar i sekken, i tillegg til litt ekstra søtsaker, og drog i veg i lysninga med friskt mot!
Som vi veit er det viktigaste med alt venskap evna til å skape tillit. Venskap kjem sjeldan flytande på ei fjøl. Det treng næring og omtanke. Og så må ein sjølvsagt ha nokre felles interesser her i livet. Eg funderte på dette oppover Gjerdedalen.
Skålefjellsnissen, som sikkert hadde kikka på meg i skjul meir enn ein gong, forstod vel truleg kva person eg var? Ville han gje seg til kjenne no når eg så åpenbert kom med ein fredeleg bodskap? No opp under jul? Han hadde vel høyrt om andre fjellnissar som hadde fått fjella raserte av griske toføttingar på jakt etter ære og kortsiktig rikdom...Men han såg vel at eg ikkje var av den slags?
Forholda for å kome Skålefjellsnissen nære er utfordrande, spesielt om vinteren. I dag gjekk lei og sur vind mot nærområdet hans gjennom marg og bein. Underlaget var særs vanskeleg med skare som var polert til is. Utan broddar under skoa hadde det vore umogeleg å teke juleturen opp isete bakkar frå Gjerdedalen.
Men grauten og søtsakene måtte fram. Og til topps bar det. Barske tilhøve ved toppen eller ei! Eg sette meg ned bak varden og fekk litt ly for den isande kalde vinden. Skylefjellsnissen hadde lært meg nokre lokkerop som var litt lyse. Dei lydde omlag slik: "Nissen, nissen, her er ein ven med søtsaker og graut..." Det var viktig å ikkje vere for høg og grov i målet, men varleg, varleg...Eg gjentok strofa fleire gonger, og jammen, til slutt, såg eg i to lange, spisse øyrer som stakk fram frå varden! Sjefsnissen av Skålefjellet! Eg strekte meg fram og sette fram godsakene på ein liten meters avstand der bak varden. Så sat eg heilt i ro og let eimen av graut og søtsaker virke inn på den svoltne og søtsjuke nissen...
I spaning lurte eg på om han turde å kome fram her midt på lyse dagen. Men den uimotståelege lukta av nylaga graut med rosiner og kanel, vart altfor freistande. Frå varden sneik han seg fram etter steinane, og nippa varsamt bort i grauten. Han tok seg eit par munnfullar og pila i skjul innatt i skjulet. Eg lo litt med meg sjølv og tenkte, no har han fått smaken på det og kjem fort igjen. Berre eitt minutt eller to seinare, var han der igjen.. Ikkje fullt så varsam, men meir bestemt, kraup han bort til grautfatet. No vart han verande og åt grådig....
Di meir han åt, di meir avslappa virka han i rørslene. Han heldt ikkje lenger konstant auga med meg, men såg meir direkte ned i matfatet. Men korleis skulle eg få han til å slappe av so mykje at eg kom han endå nærare? Sjølvsagt! Eg førde varsamt handa mi ned i sekken og tok opp juleølet...Med eit lett vipp med kniven, og eit fast handtak rundt korken, greidde eg å opne flaska mellom låra utan å lage ein lyd! Med rolege rørsler sette eg flaska fram mot nissen. Truleg var det maten og mitt venlege nærvær som gjorde at nissen slappa av og ikkje vart skremt. Og snart tok han seg ein slurk av juleølet, smatta og sleikte seg grådig rundt munnen med ei lang tunge...
Slik gjekk nokre minuttar. Nissen var mindre og mindre på vakt. Meir og meir av flaska tømd. Då det berre var ein liten slump igjen på botnen, tok eg varsamt handa mi bort att i sekken og tok fram ei ny ei med heimelaga juleøl, og opna den på same måten. Ja, og nissen sat framleis heilt i ro. Og så tok han til seg av den nye flaska òg...
Slik sat vi ei stund til. Skulle eg prøve å prate med han? Eg hadde ikkje eingong fått tenkt tanken før nissen sjølv opna munnen og sa: Eg veit kven du er. Ryktet om grauten din på Skylefjellet i går kveld kom meg for øyre i dag tidleg. Skylefjellsnissen meinte du var ein fredeleg mann som ikkje ville øydeleggje noko for oss. Men vi er varsame mot toføttingar, og torer oss sjeldan fram i dagslys. Eg sa at eg forstod han godt...for så mykje elende som vi toføttingar stelte i stand rundt oss med krangling og øydeleggjing av natur, var det vanskeleg å skape tillit mellom nissar og toføttingar...Du forstår vel det nisse sa eg, at eg vil ta vare på fjellet der du bur...Eg likar fjellet som deg. Her kan eg vere fri som fuglen, og alle dårlege tankar forsvinn ilag med suset av vinden. Eg vil ta vare på heimen din nisse. Ingen skal få øydeleggje den for deg. Heimen din betyr like mykje for meg som for deg...
Nissen såg på meg med store auge...Så mykje gale hadde han høyrt frå andre fjellnissar og vassnissar at han hadde vanskeleg for å tru det var toføttingar som tenkte som meg. Var her verkeleg toføttingar som ikkje ville rasere fjellheimen for lette gullpengar...?
Eg sa til nissen at fjellet hans, og andre fjell, ikkje kan kjøpast for pengar. Dei er mykje meir verd enn alle verdas pengar ilag! Fjellet er der for alltid, medan vi berre har lov å låne det når vi er her på jorda...
Då såg eg eit lite smil rundt den søte munnen! Så sa han at det var akkurat slike tankar han og dei andre nissane òg hadde. Ingen har rett til å øydeleggje noko ein berre har til låns ei lita tid! Eg hadde så rett så rett.
Vi sat der og prata ei heil stund til, Skålefjellsnissen og eg. Han vart meir og meir pratesaleg etter som eg hadde ei flaske til med godt juleøl. Eg sa at eg ikkje ville ha noko, for eg skulle nedatt dei isete bakkane til bygds, og måtte halde meg klar i hovudet og rett i føtene. Vi fekk skåle ein annan gong! Så då det var på tide å gje seg på heimveg, ynskte eg sjefsnissen av Skålefjellet god jul, og ba han helse alle nissane på sørsida. Og ver no endeleg forsiktige med eldvatnet, sa eg...! Nissen smilte til meg å sa at gode råd frå gode vener tok han i mot med takk. Neste gong eg kom, måtte eg endeleg hugse på å ta med meg meir søtsaker. Så skulle eg berre plystre når eg kom over kanten der eg såg varden... Han ville då gjere seg klar til å ta imot meg, og vise meg nokre løyndommar om fjellet eg heilt sikkert ikkje kjende til...God jul til deg og dine! No må eg heim til gamlemor som sikkert lurer på kvar eg er vorten av! Så pila nissen innatt i varden....
Med desse orda klingande i øyra tok eg på heimveg! Endå ein nisse hadde eg gjort meg til vens med...Og no visste alle nissane i Stongfjordfjella at dei hadde ein ven på to føter som alltid ville vere venleg mot dei og forsvare deira rettar. Det gav meg ei varm kjensle innvendig. Den var ekstra god å ta med seg til jul....!
Vinter i Stongfjord |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar