Med utsikt frå Skylefjellsnissen sitt land
Han var ikkje mykje blid, Skylefjellsnissen, for at eg ikkje kom som avtalt ein gong til før jul. Men, eg sa som sant var, at med det fryktelege veiret som var likkje- og juleafta, var det omlag umogeleg å ta av garde sjølv for herda folk! Nissen skjønte det heldigvis etterkvart som eg pakka ut godsaker av sekken.
Julestormen hadde fere frykteleg åt med heimen hans. Takheller var blesne av og antenna låg flat. Og veiret såg ut til å ha herja hardt med nissen sjølv... Urven, våt og med dårleg stell både på klede og hår gjorde at han visst trengde hjelp av ei god hand for å sjå nokolunde høvisk ut.
Smånissen som heldt bu nede i første etasjen var forsvunnen i uveret, men etter ei lita runde i nabolaget fann eg han og fekk han til hus igjen! Omgjevnadane elles såg ville ut etter stormen. Steinar, berg, koller og åsar var vindblesne med fastfrosen blåstsnø. Det var tydeleg som eg sa til sjefsnissen at her hadde det ikkje vore verande for folk medan uveiret stod på!
No vart sjølvsagt nissen veldig nøgd av at eg kom så snøgt som eg gjorde, morgonen etter juleafta. Graut og julemarsipan gjekk ned på høgkant. Humøret vart berre betre og betre etter kvart som han åt. Han hadde høyrt om førejulsturen til Skålefjellsnissen, og den heldig strategien med juleølet. Han var ikkje alltid heilt enkel nissen der oppe, høgt som han bur, så han måtte ha vore særs nøgd med ølet og søtsakene han hadde fått servert. Det var ikkje mange, om nokon, som hadde fått helse på den karen! Men no var forsvarspakta for Stongfjordfjella i boks, og kommunikasjonslinjene opne til ei kvar tid. Så no kunne nissar og fredelege toføttingar gå det nye året trygt i møte.
Eg tok farvel med ein nøgd Skylefjellsnisse, og sa eg ville stikke oppom med meir godsaker før nyttår.
vinter i Stongfjord |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar